søndag 24. november 2019

Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gått inn i jobblivets rekker. I mai blei eg ferdigutdanna med nok ein bachelorgrad, og avslutta studentlivet i Sogndal med stil med bachelorgrad i reiselvisleiing.  I motsetnad til då eg avslutta den første bachelorgraden, følte eg meg denne gongen klar for å starte jobblivet og også veldig klar for å flytte frå Sogndal også, ettersom eg byrja å bli litt lei.

Sidan har det gått slag i slag, å faktisk måtte finne jobb var skummelt, du veit, ein er jo redd for å ende opp utan jobb. I sumar fekk eg jobb på Natursenteret i Eidfjord. Det var ein annleis, men kjekk erfaring. Eg stod både i resepsjon, gjekk ut i bussar og ønskte cruiseturistar velkomen og solgte også ein del varer i souvenirbutikk. Ein annleis, men kjekk erfaring. Sidan mamma har flytta til Eidfjord fekk eg bu der gratis i sumar, i den vakre fjordperlen, som bokstavleg talt ligg redd ved fjorden. Det har vore ein fin sumar, sjølv om eg har jobba heile sumaren. Eg har blitt kjent med nye, kjekke folk gjennom jobben og sumaren har i grunn vore ganske flott, der eg fleire kvelder har hatt høve til å nyte sol på verandaen. Berre sjå for ein utruleg vakker utsikt det er i huset som eg no kallar min andre heim:




Den 20.august var eg ferdig med sumarjobben, og stod utan jobb vidare. Då tok eg meg ein velfortjent sein sumarferie heime i Jølster og brukte tida på å male gongen til pappa og måle og ordne trappa, sidan eg rekna med å gå ei stund utan jobb.

Plutseleg fekk eg ein telefon på ein vikarstilling eg hadde søkt på i eit destinasjonsselskap. "Drømmenjobben" som eg berre hadde turt å håpe på. Det var lenge sidan eg hadde sendt søknaden, så eg trudde ikkje eg skulle bli innkalt til intervju, men kandidaten deira trekte seg plutseleg og dei trengte ny tilsett raskt og timing og alt var god, sidan eg ikkje hadde jobb og dei trengte folk raskt. Så plutseleg var det gjort, eg fekk jobben og flytta til Voss raskt.

Så, no bur eg på Voss, ein stad eg ikkje heilt hadde sett føre meg å bu og eg har jobba no i litt over 2 mnd. Eg trivast stort sett i jobben, den er variert og utfordrande, men november har vore ein travel månad, og det er nokre ting eg ikkje likar og andre ting eg elskar ved jobben, men det som er sikkert er at eg lærar utruleg mykje av. Det er eit vikariat som går fram til 31.juli neste år. Etter det er tida uvisst, men eg tenker det er perfekt å slutte den 31.juli og ta ferie i august og finne ut av livet vidare. Eg fyller jo faktisk 30 i august neste år (kor sjukt er ikkje det?!) og eg tenker at det passar bra med feire då og feire 30 år då på ein eller anna spesiel måte. Eg ser ikkje føre meg at det er på Voss eg skal bu på lang sikt, men det er fint å bli kjent med nye stader og det er også fint å vere kun ein kort togtur frå Bergen.

Men no er det snart tid for desember og all det koslege som høyrer med det. Eg er så glad for at eg får juleferie frå 20.desember til 2.januar, no som eg er i jobb er det ikkje noko eg automatisk reknar med. Det er kun 1 veke til 1.desember og neste laurdag tenker eg å byrje med adventskosen med å byrje å sjå den første julefilmen for i år.

tirsdag 2. oktober 2018

Eplebygda

I Sogndal bognar det av epler, bokstavleg talt. Eplebygda.

Blir også kalla for saftbygda, men burde eigentleg bli kalla for eplebygda. For det bognar av epletre overlat ein går. På den lille gåturen frå skulen går eg forbi fleire tre som det veks epler på. Midt i eit byggefelt.

Det er så mykje epler her at folk er mette og behovet for epleslang hadde vore reelt. For i grøftekantane ligg det epler som ingen vil plukka, epler som dette av treet og rotnar.

Litt ironisk at eg bur i ein bygd full av epler overalt, at det er for mykje epler her til at folk orkar eller klarer å plukke, og samtidig så sel dei importerte epler i butikkane. Sogndal burde ha vore sjølvforsynt på epler i butikkene.

Det burde eigentleg ha vore ein eigen kafé i Sogndal som spesialiserte seg på eplesmak. Eplepai, eplekake, eplesylte, eplete, eple med kaffismak?

Kanskje det er idé til kva eg skal drive med etter eg er ferdig med bacheloren til våren. Har faktisk tenkt på at det hadde vore kosleg å drive ein liten søt kafé. Men er nok mykje jobb og harde dagar, og vanskeleg å få det til å gå rundt.

Eg veit iallfall kva eg skulle kalt kaféen for, den skulle blitt kalla Epleslang. Ser føre meg at alle kundane hadde spøkt om eg hadde skaffa meg eplene med å gå på epleslang. Hadde skapt god stemning, også hadde eg sikkert blitt veldig lei den spøken etter kvart.

Epleslang er forøvrig namnet på det faste quizlaget vi har når vi går på quiz på eine koselige kaféen her i Sogndal. Det skal eg skrive meir om, eg får vel skrive ein Sogndalguide eller noko.

lørdag 15. september 2018

Frå by til bygd

Så eg har tenkt lenge på at eg vil ta oppatt blogginga. For ei stund sidan (1 år sidan kanskje?) gjekk  eg inn på bloggen, trykte på "nytt innlegg" og skreiv overskrifta frå by til bygd. Eg hadde ein tanke om det, at eg vil skrive litt om korleis livet mitt har endra seg, at eg har flytta tilbake til Sogn og Fjordane, frå by til bygd. Eg har mange gongar savna blogginga, ikkje fordi eg direkte savna å skrive innlegg for lesarane mine (som uansett ikkje er så mange), men fordi eg faktisk savna å skrive for meg sjølv eller berre det å skrive, noko anna enn studentoppgåver. Når eg ein sjelden gang går tilbake til bloggen min og les, kjenner eg at eg saknar det og at eg er glad for at eg har dokumentert min tidlegare kvardag med ord. Så, eg vil prøve på dette igjen. Så får me sjå korleis eg klarer å halde i gong denne gongen. Dei siste innlegga er jo mange måneder og år imellom, men eg føler no at eg har mykje inspirasjon til å skrive.

Så, frå by til bygd, kva er det som har skjedd sidan sist? Det siste innlegget mitt var frå masterlivet - ein berg og dalbane i slutten av 2015! (Herregud det er 3 år sidan). Eg var inn i den mest behagelege og samtidig skumle fasen av masteroppgåveskrivinga, der eg såvidt hadde kome i gang, eg berre hadde masteroppgåva mi att å konsentrere meg om og det endå var mange måneder att av innleveringa. Så korleis gjekk det?

Likevel om eg følte eg var godt i gang så tek masteroppgåveskriving og analysearbeid ofte meir tid enn ein tenker. Om ein skal utsetje masteren må ein søkje ei tid før, og rett før denne søkefristen må ein kjenne på dette vanskelege valet om ein faktisk kjem til å bli ferdig med alt i tide eller om det er lurt å utsetje. Eg var veldig i tvil, i april (innleveringa var vel 15.mai) følte eg at hadde kome langt på veg, eg hadde trass alt over 70 sider med tekst og minimumskravet var mellom 70-120 sider. Eg hadde likevel ein del arbeid att, mellom anna eit heilt kapittel og småting her og der. Eg tenkte det kunne gå med riktig innsats, då ville det bli veldig stressande på slutten og lange kvelder (som jo er normalen for dei som leverer til normert tid). I tillegg var det mykje språkleg vask som måtte til. Eg hadde allereie ein korrekturlesar til å lese heile oppgåva, og ein til til å lese nokre kapittel. Det var ein sikkerhet i seg sjølv, samtidig hadde eg framleis mykje tekst dei måtte korrekturlese etter endring, så spørsmålet var også om dei fekk tid nok til å korrekturlese alt innan fristen.

Så tenkte eg på om eg ville bli nøgd med resultatet, om eg orka det stresset og sist men ikkje minst hadde rettleiaren min veldig mykje å gjere sjølv og det tok ofte ein del tid før eg fekk tilbakemelding, slik at ein stor bekymring var at eg ikkje ville få tilstrekkeleg tilbakemelding før eg leverte og det syntes eg var veldig skummelt. Difor blei eg i samråd med rettleiaren min samd om å søkje utsetjing til den første fristen, som altså var 1.september. Me kunne velge mellom to fristar, ein i september og ein i november. Det ville altså ikkje vere så lenge å utsetje, og eg ville då i utgangspunktet få veldig god tid på meg, ettersom eg allereie var kome så langt og at eg i teorien kunne klart å levere til mai-fristen, men no tenkte eg heller å bruke høvet på å finpusse oppgåva og få ho skikkeleg bra. No følte eg at eg hadde så sjukt god tid til å kome i mål!

Det eg ikkje hadde rekna med, var å få ein solid motivasjonsknekk i mai. Eg kjente meg plutseleg så lei og demotivert til å fullføre masteren og særleg rundt den originale innleveringsfristen der andre eg delte masterlesesal med skulle levere inn og bli ferdig, var eg veldig demotivert. Eg følte meg så mislukka og skuffa over meg sjølv. Dei siste dagane før den ordinære innleveringsfristen holdt meg faktisk unna lesesalen og satt heime og jobba med masteren i stadenfor, fordi eg følte eg ikkje ville vere rundt dei som snart skulle levere og ville vere så lukkelege. Likevel om eg ikkje var den einaste som utsatte, faktisk gjorde 2 av mine medstudentar i tysk det (var kun ei som skreiv samtidig med oss som leverte til normert tid), så prega dette meg.

Ein anna ting var at no som eg hadde utsatt, følte eg plutseleg at eg hadde så god tid igjen, så difor slakka eg automatisk meir av og tok det meir med ro, så ting gjekk naturleg nok sakte, likevel om det gjekk litt framover. Problemet med den nye fristen var at eg for lenge sidan hadde teke beslutninga om at eg i juni skulle flytte frå Bergen og vende nasa heimover, utan nokre andre konkrete planar andre enn nokre veker med sommarjobb. Rettleiaren såg ikkje flyttinga på som eit problem, for det meste kommuniserte vi uansett på e-post, så dette var ikkje noko problem. Det som var spesielt og nytt no var at det blei beslutta å legge ned turistinformasjon, så eg måtte finne meg ny jobb den sommaren og det blei tilbake i helseteneste i kommunen, der eg såvidt hadde jobba før. Eg skulle jobbe 2 veker i heimetenestene og 3 veker i bolig for psykisk utviklingshemma, sistnevnte var eg særleg litt nervøs for då dette var veldig nytt for meg (noko som viste seg å vere ein jobb eg takla veldig bra!). Etter desse fem vekene skulle eg ha ferie og skrive mest mogleg på masteren før forhåpentlegvis ny studiestart i Sogndal. Eg hadde søkt PPU i Sogndal med faga mine og også søkt nye studier på Samordna opptak i Sogndal, mellom anna fleire årsstudier i Sogndal, blant anna reiseliv.

Flytting tok meir energi enn eg hadde tenkt, og då eg hadde flytta heim var det veldig vanskeleg å sette seg ned med masteren lenge om gangen, i staden ville eg nyte sommaren før eg skulle starte med sommarjobbinga. Eg følte eg trengte litt fri til å lade batteria. Eg såg også for meg at det kom til å bli vanskeleg å finne energi og overskudd til å jobbe med masteren i tillegg til sommarjobbinga. Det hadde eg rett i. Då eg endeleg var ferdig med sommarjobbinga og skulle ha ferie, blei eg sjølvsagt sjuk ei veke og fekk jobba lite med masteren. I mellomtida fekk eg svar på PPU i Sogndal, og det viste seg at dei ikkje hadde nok søkera til å verken framandspråk eller norsk heiltid, men at dei ville starte opp norsk på deltid. Det var ikkje aktuelt for meg å starte deltid. Eg kom inn på årsstudiumet i reiselivsleiing i Sogndal også, og beslutta å starte på det medan eg fullførte masteren innan 1.september-fristen. Så då flytta eg til ein ny tilverelse i Sogndal.

Etterkvart blei det klart at 1.september-fristen var vel ambisiøst, så eg valgte frist nummer 2 i november i staden, samtidig som eg starta på det nye studiet. Eg hadde ikkje så store ambisjonar for karakterane på dette årsstudiumet eigentleg, og tok det mest for læringsdelen, samtidig som masteren hadde tenkt å vere 1.prioritert. Heldigvis for meg er det ein fordel å ha master frå før, og merka at det var veldig lett å gå tilbake til 100-nivåsfag. I Sogndal kom eg inn i eit veldig godt miljø, og eg oppdaga fort at det var vanskeleg å avstå frå sosiale ting. I tillegg jobba eg nokre helger innimellom også for ha litt ekstra pengar, så utover hausten blei det langt mindre jobbing med masteren enn eg hadde tenkt.

For å spole litt fram i tid. Eg vart ganske sjuk i heile november etter at eg fekk eit eller anna hissig virus. Eg var sengeliggande i fleire dagar, gjekk ned fleire kg og var dårleg og svimmel i mange veker etterpå. Difor måtte eg utsette masteren nok ein gong, og eg fekk innvilga eit nytt semester pga. sjukdom (vanlegvis får ein berre utsetje 1. semester om det ikkje er spesielle grunnar). Difor satsa eg igjen på ny frist, denne gongen i mai 2017 og denne gongen var eg klar på at no måtte eg levere, for det er ikkje mogleg å få forlenga fristen utover det. 

På mirakløst vis klarte eg å skrive ferdig masteren innan fristen 15.mai, eg leverte til og med to dagar før, 13.mai, samtidig som eg parallellt skreiv heimeeksamen i eit anna fag. Når eg tenkjer tilbake på det no er det eigentleg ganske sjukt. Eg hadde litt vanskeleg for å tru at eg faktisk skulle klare å fullføre masteren samtidig som eg studerte fulltid på reiseliv, men med disiplin og ønsket om å bli ferdig og klare det, gjekk det eigentleg veldig greitt. Eg la heller ikkje så stort press på at masteren måtte få veldig god karakteren, målet mitt var på det tidspunktet eigentleg berre å stå. Eg oppdaga at det eigentleg var veldig deilig å studere noko anna og fullføre masteren på "deltid", for eg stressa mindre med oppgåva og klarte å fokusere på andre ting. Det året eg berre skreiv på masteren, merka eg at ein ofte blei litt nedfor og smådeprimert fordi alt handla om oppgåva og det blei altoppslukande. No når eg faktisk gjorde noke anna samtidig, fekk eg teke vekk fokuset frå å tenke på masteren heile tida, og det var faktisk lettare psykisk å studere noko anna samtidig som eg skreiv ferdig masteren, enn å berre skrive master, sjølv om eg hadde mykje meir arbeid no.

På merkeleg vis klarte eg også få ein A, to Ber og ein C i det semesteret, likevel om eg ferdigstilte masteren samtidig. Og eit av faga var finansreknskap (som var det eg fekk C i, det er eg likevel sjukt nøgd med, ettersom eg e ikkje den beste med tall, eg hadde jo faktisk 2 i matte på VGS liksom!). Utdanninga i reiselivsleiing har ein del fellesfag med økonomi og administrasjon, så vi har ein del økonomifag, leiingsfag og marknadsføring mellom anna. Økonomifaga er forøvrig ikkje så vanskeleg som ein skal ha dei til, eg har jo hatt litt tallfrykt etter matte på VGS, men oppdaga at økonomifaga er meir resonnering og logikk, noko eg likar og forstår. Dessutan er det mykje enkel tallrekning, noko eg klarer veldig fint.

For å kome tilbake til masteren min og kva den faktisk handla om. Den hadde tittelen fritt oversatt frå tysk: Om språklege feil i norske reiselivstekstar omsett til tysk via nettbaserte omsettingsprogram, med undertittelen: Ein korpusanalyse av output-tekstane til Google Translate, Bing Translator og Babylon Translator. Kor sagt analyserte eg feila som dukka opp ved bruk av desse fullautomatiske nettbaserte oversettingsprogramma, for å finne dei mest typiske feila, og plukka då ut spesifikt norske reiselivstekstar på nettet som blei forsøkt oversatt til tysk med slike program, ettersom det i høgaste grad foregår blant ein del reiselivsbedrifter på nettet i dag. Eg ville finne ut kor mange feil det var, om det var noke forskjell på dei tre programma, i tillegg til at eg i analysekapittelet også trakk fram dei feila som var mest uheldige for sjangeren og som kunne gje feilinformasjon og endre innhaldet i tekstane. Som de sikkert kan tenke dykk så var dette eit veldig spennande tema, men veldig tidkrevjande. I ettertid ser eg at eg kanskje berre skulle konsentrert meg om Google Translate og analysert feila der, og i staden analysert fleire tekstar, men no fekk eg også høve til å samanlikne programma og oppdaga at programma også gjorde dei same type feil, noko som jo kan vere med å peike ut kor det er programma har sine svake sider som er felles for maskinbaserte omsettingsprogram.

Det mest utfordrande med å skrive denne oppgåva var utan tvil å skulle analyse feil og vektlegge kva som faktisk er feil, og korleis eg skulle kvantifisere desse som feil, dvs. tallfeste. I tillegg til at eg oppdaga at eg ikkje er så god i tysk at eg alltid faktisk kan oppdage alle feil, eller nokre gongar kva som faktisk er rett, spesielt dette med grammatikk og rettskriving. Men for det meste gjekk det greitt, og eg hadde også nokre tyskarar som eg kunne spørre då eg var usikker. Så sjølve masteroppgåva krevde masse forarbeid og analyse før eg kunne skrive om resultatet, eg hadde likevel frå starten av ein ganske god følelse på korleis oppgåva blei sjåande ut til slutt og kva resultata blei, noko som eg også hadde rett i. Det som var mest interessant var at eg oppdaga fleire grove feil enn eg hadde forventa. Til dømes oppdaga eg jo at Google Translate blant anna var veldig svak på stadnavn, og utenom å oversette det ord for ord direkte til tysk, så oppdaga eg faktisk og at den oversatte til heilt andre stadnavn, til dømes blei Beitostølen oversatt til Wien! Noke som er ein skikkeleg grov feil og som ikkje burde skje, men som truleg har skjedd fordi programmet søke etter statistiske mønster i språka og truleg har assosiert Beitostølen og snø med Wien av ein eller anna grunn. Kanskje eg kan skrive meir om funna mine i masteroppgåva i eit anna innlegg, med meir morsomme eksempel!

Masteren innebar og muntlig forsvar som eg heldigvis fekk lagt i midten av juni når eg var ferdig med dei andre eksamene her. Dette var noko av det eg grua meg mest til, for då måtte eg snakke og forsvare masteren på tysk, noko eg ikkje hadde snakka på lenge. Forsvaret skulle også vare i 1 time, noko som høyrest sjukt lenge ut. Men tida gjekk sjukt fort og forsvaret var heldigvis over på eit blunk. Å snakke tysk gjekk overraskande greitt, likevel om eg var supernervøs. Eg fekk lage ein kort presentasjon om masteroppgåva som eg starta med, så då fekk eg iallfall tid til å øve meg på akkurat det eg skulle seie i starten. Eg hadde sjølvsagt med meg ein kopi av masteren inn og det som var morsomt var at sensorane spurte om veldig spesifikke ting frå ulike plassar i oppgåva: "På side 7 så har du skrevet bla bla bla, kan du seie noke/utbrodere om det". Det høyrest sjukt skremmande ut at dei spør så spesifikt frå ulike plassar i oppgåva og at det er vanskeleg å skulle svare og førebu seg på  noko slikt, men ein kjenner faktisk oppgåva ganske godt inn og ut etter å ha jobba med den så lenge, så når dei spurte så kom svaret veldig fort, likevel om dette var noko eg var nervøs for. Eg hadde høyrt på forhånd at dette var ting dei gjorde, så det var faktisk noko eg grua meg til, men som var lettare enn eg hadde trudd.

Eg fekk skryt for originalt tema og bra metodevalg og generelt veldig spanande og viktig tema. Eg scora veldig høgt på sjølvstendighet. Metodevalget var noko eg var veldig nervøs for då eg tillot meg å utvide metoden som eksisterte fra før, blande den med ein anna metodetilnærming og legge til noko nytt. I tillegg sa dei at oppgåva var veldig strukturert og ryddig, både med tanke på rekkefølge og det estetiske, noko dei sa dei sjeldent såg blant studentane. Dette synest eg var litt rart då eg trudde eg berre fulgte ein normal mal på korleis oppgåver skulle sjå ut, men det var veldig kjekk tilbakemelding. Eg fekk litt trekk for at det endå var ein del språkleg rusk som trakk oppgåva ned (likevel om eg hadde korrekturlesar, eg burde nok hatt ein til), og at eg nokre stader kunne ha skrive ut og forklart nokre setningar betre. Så eg nådde ikkje heilt til topps karaktermessig, men er likevel veldig nøgd med resultatet då eg eigentleg berre ville få bestått masteren og bli ferdig med den.

Så, no som eg var ferdig med masteren og årsstudiumet i reiseliv, måtte eg i fjor sommar igjen ta eit standpunkt på kva eg skulle gjere vidare. Skulle eg satse på PPU og bli lærar og ha ein sikker utdanning eller skulle eg følge hjertet og lidenskapen min og ta heile bacheloren i reiselivsleiing? For eg trivdast så utruleg godt med det studiet, medstudentane og Sogndal, så for meg blei det iallfall eit veldig lett val når eg fekk beskjed om at det berre blei oppstart av framandspråk og ikkje norsk i på PPU i Sogndal. Dersom eg skulle ha starta på PPU hadde det vore veldig viktig for meg å ha fagdidaktikk i norsk også og ikkje berre framandspråk, likevel om eg formelt sett hadde kunne undervist i norsk etterpå. Difor vart valet veldig lett og eg fekk gå over på bacheloren og studere vidare, noko eg ikkje har angra på endå! No er eg på sisteåret og er ferdig til våren, så no startar snart det blodige alvoret med å finne jobb, og nokre dagar er eg vettskremt over å tenke på at det blir vanskeleg og at eg kanskje ikkje får meg jobb og at eg dessutan er alt for overkvalifisert og kan måtte lide under dette i jobbsøkinga.

No blei dette veldig mykje om masteren og studiene og veldig lite om livet på bygda og i Sogndal. Dette og meir om utdanninga mi og planen vidare får eg ta i neste innlegg. For eg har mykje å skrive om og nokre bilete å vise.


For å få med litt bilete, så slenge eg ved biletet som eg tok når eg akkurat hadde levert inn masteren den 13.mai. Herregud så sjukt lukkeleg og glad eg var då, den kjensla er vanskeleg å skildre. Det tok faktisk lang tid før eg klarte å ta innover meg at eg faktisk hadde klart å bli ferdig.

lørdag 19. september 2015

Masterliv II

Alle dei tusen lesarane eg har (eventuelt ein eller to) kan glede seg over ein ny bloggpost. Som vanleg så har eg forsvunnet frå bloggverden med jevne mellomrom, før eg plutseleg kjem attende med ein akutt skrivekløe. Det skal seiast at eg har vore på tanken på å skrive lenge før det her, sånn ganske ofte faktisk, men så blir det jo berre med tanken. Vel, i dag har eg altså kome litt lenger med prosessen.

Vel, masterlivet gjer seg endå gjeldande. Eg har kome meg gjennom det første året på masteren. No er eg kome dit at eg "berre" skal skrive ei masteroppgåve. 1 år, 60 stp. Ingen undervisning. Kun meg sjølv og oppgåva (og ein rettleiar som skal rettleie meg sjølvsagt) som etter sigande skal inn 15.mai 2016. 80 - 100 sider på tysk står mellom meg og ein mastergrad. 8 mnd til å gjere dette på. Høyrest lett ut eller? 

Det beryktede livet som masterstudent i oppgåveskrivingsfasen har sikkert fått mange knaggar på seg. Eg har sjølv sett fram til og grua meg så hinsides til dette tilvære som eg er i no. 

På den eine sida er det den enorme friheiten til å disponere kvar einaste dag som ein sjølv vil. Er du eit reinspikka B-menneske kan du endelg legge opp kvardagen slik at du legg deg seint, står opp seint, jobbar med masteroppgåva, utan å ta hensyn til at du må stå tidleg opp for å gå til forelesing eller kollokvie. Du kan rett og slett skrive og jobbe som det passar deg. Dessutan, ingen eksamen eller innlevering før jul. Kor deilig må no ikkje det vere? 

På den andre sida er det utfordringa ved å takle denne friheiten. Ein skal nemleg ståltsette seg med ein god dose sjølvdisplin fleire gongar i veka. Friheita kan freiste med så mangt. No kan ein endeleg sjå på det programmet ein har lyst til å sjå på dagtid på TV Zebra, passa det seg ikkje å sjå den episoden med House of Cards før du byrjar å jobbe, som så blir til to episodar? Åja, så er det jo så praktisk å kunne vaske kle midt på dagen, når ingen brukar vaskeriet. Eller ta seg ein treningstur midt på dagen. Eller så var det den kaffipausa som drog ut til å vare i 2 timar fordi du ikkje hadde nokon forelesing du måtte tilbake til, eller å ta den handleturen i sentrum når alle andre er på jobb. Det er fort å gå i fella at smaken på friheiten er så god at ein brukar litt for mykje av den, til å ikkje jobbe med masteroppgåva. Særleg dei første månadane, når det endå er så mange mnd igjen til innlevering..... 

Eller så kan ein gjere som meg, prøve å utøve sjølvdisiplin ved å ha ein plan i hovudet med å gå på lesesalen kvar vekedag i den meining om at ein skal gjere masterskrivinga til ein heiltidsjobb, så kan ein nytte kveldane og helgene til å slappe av og ta fri med god samvitt. Det høyrest ut som ein god plan i utgangspunktet. Det er berre det då, at fordi ein sit på lesesalen, så er det ingen garanti for at ein får gjort noko som helst faktisk. Det er forbausande kor lett det er å gjere ingenting inne i eit stille rom, med bøkene rundt deg, det perfekte utgangspunktet for å jobbe og få i gang masteroppgåva. Plutseleg har det gått 1 time og ein har ikkje gjort noko som helst som er relevant i tilknyting til masteroppgåva, anna enn å sjekke studentmailen kring femti gongar fordi ein ventar på svar frå rettleiar. Det er berre det, at det er så mykje å gjere at ein blir litt paralysert. Det er jo ikkje det at ein ikkje har nok å gjere altså, men mengden verkar så enorm at ein ikkje veit kva ende ein skal starte i. 

Men innimellom, så har ein jo desse dagane der ein faktisk kjem i gong og får gjort noko, ein heil del faktisk. Det er gjerne desse dagane som ein føler kan rettferdiggjere alle dei dårlege dagane ein har hatt. Wow, også kjenner ein på det at det ein gjer, faktisk er bra og at ein er godt i gang. Ein tenker, men dette kan jo gå bra. Dei beste dagane er der ein byrjar å skrive å enda opp med å vere i ein enorm skriveflyt, alt går av seg sjølv, ein kjem på fleire og fleire ting som skal med, og ein føler ei stund at ein er i ein så god flyt, at ein jammen meg kunne ha skrive ferdig heile masteroppgåva på flekken. Men som alltid, så må denne skriveflyten alltid ta slutt og ikkje sjeldan er det fordi at blæra skrik etter å bli tømt etter alle dei kaffikoppane ein måtte helle i seg for å kome i flytsona. Når ein kjem tilbake, er magien brutt. Det er då ein forbannar seg over å ikkje ha ei selskapsblære. Uansett, denne seansen fører med seg eit stort egoboost. Ein føler seg nesten som eit supermenneske som kan få til alt og denne lukkerusen kan ein gjerne leve på nokre timar eller kanskje dagar.

Så er det dei mindre lystige dagane, der ein føler at alt går rett vest. Heile masterprosjektet verkar til å vere ein stor vits (og trudde ein verkeleg at det ein allereie har skrive skulle ein få bruke i oppgåva? Ein veddar gjerne ein skilling på at rettleiaren vil be deg forkaste det og dermed samstundes sjølvtilitten din) og trua på å kome i mål verkar til å vere uendeleg langt vekke. Ein hatar seg sjølv for å i det heile teke ha byrja på master. Ein føler seg underkvalifisert og dum. All form for sjølvtilitt har forsvunnet, ein har gjerne stappa i seg sjokolade på ein heilt ordinær mandag fordi ein synest synd på seg sjølv. Det einaste ein får lyst til å gjere, er å gå heim og legge seg under dyna og gløyme alt som har med den teite oppgåva å gjere, medan ein kjenner på det dårlege samvittet av å ikkje ha fått utført noko. Sjølv det som vanlegvis får deg til å smile, får ikkje latteren ut av den dystre sjela di. 

Heldigvis eller uheldigvis er ein ikkje aleine om denne særs ustabile prosessen som ein må gjennom og leve med i minst 1 år. Som følge av at masterlivet er blitt meir og meir normalt, kan ein få trøyst i at ein ikkje er aleine om prosessen, både inne på lesesalen og ute i pausekroken. Det er ein fattig trøyst i at du ikkje vil vere den einaste som kjeme til å sitte på lesesalen klokka 22.00 ein fredagskveld nokre veker (eller månader) før innlevering. Ein er faktisk ganske mange som sit der og lid den same skjebna og ein føler seg iallfall ikkje så aleine. Guri, tenk korleis det var å skrive masteroppgåve på den tida nesten ingen gjorde det. No kan ein i det minste le og grine saman med alle dei andre som føler seg like begeistra over eit mikroskopisk funn eller like fortvila over kor dårleg det går. Uheldigvis kan slik selskap vere meir destruktivt enn positivt. Særleg om ein endar opp med å snakke med ein skrytepave som ligg godt an i prosessen, som presterer å fortelje deg kva du ikkje skal gjere eller poengterer for deg at prosjektet du har for deg er naivt eller vanskeleg, medan deiras går godt. Av og til kan det vere lurt å ikkje snakke for mykje om oppgåva heller. Eller så har du dei som er så absurd negative at humøret smittar over og du vil tvile på deg sjølv, uansett om du ikkje gjorde det i utgangspunktet. Det gjeld også altså å passe på kven ein omgåas og lage eit skjold om seg sjølv for å ikkje bli dratt ned i mørket med andre og så er det lurt å høste positiv energi hos dei som er veldig positive til oppgåva di, ofte er det bekjente som vil høyre om oppgåva og som har klokketru på deg. 

Masterlivet er utan tvil ein enorm berg og -dalbane som vil få deg til å lure på om du har kome i puberteten på nytt. Humøret kan veksle i alle regnbogens fargar frå ein står opp til ein legg seg. Samstundes er det ein bratt læringskurve der ein uansett vil erfare at alt ikkje blir som ein hadde tenkt, men at ein likevel vil lære mykje. Iallfall om seg sjølv. Det er ikkje utenkleg at oppgåveprosessen blir litt som eit turbulent kjærleiksforhold, og at ein vil veksle mellom eit elsk-hat-forhold. Til slutt vil ein kanskje vere stolt over det ferdigstilte prosjektet som har kosta ein både latter og tårer. Det gjenstår å sjå, det er trass alt 8 mnd igjen og eg har ikkje ein gong vore gjennom det verste. Eg har berre så vidt byrja på ferden i fornøyelsparken og den verste berg og -dalbana står for tur.....

Forsettelse følger - stay tuned. 


søndag 16. november 2014

Heimeeksamen og tilbakeblikk ....

Nuvel. Tida den flyg den og allereie er eg inne i eksamenstida, noko som har gått raskt om ein ser kor eg var i semesteret sist gong eg skreiv eit blogginnlegg. I år er faktisk eksamenstida ganske så kjekk. Eg fekk utlevert heimeeksamen på torsdag og min første tanke var: "Dette blir så utruleg kjekk heimeeksamen". Så langt har eg kosa meg. Eg er endå i planleggingsfasen og har ikkje heilt byrja å skrive, men har allereie funnet mykje å skrive om. Vanlegvis er dette ei litt uvant framgangsmåte for meg. Eg har brukt å ikkje vere den mest strukturerte studenten som byrjar oppgåveskriving med planlegging av kva eg skal skrive, ved å finne dømer og lese teori, men heller køyrer i gang med litt skriveprosess, der eg endar opp med å endre og forandre og måtte kutte på skrivinga undervegs og lese teori og finn eksempel innimellom, altså ein veldig rotete prosess. No køyrer eg ein anna taktikk. Det heng nok saman med at oppgåva eg har valt er ein veldig tredelt oppgåve som basere seg på mykje døme frå litteratur og at eg denne gongen er ganske så godt forberedt til eksamen og har forholdsivs god tid til å skrive denne oppgåva.

Kort fortalt. I fyrste oppgåve skal eg skrive om bruken av berlinerdialekta i Alfred Döblins, Berin Alexanderplatz som dialogene i boka er tydeleg prega av. Mykje av kjenneteikna er prega av fonetiske ulikskapar frå normaltale som særeigen konsonantuttale og vokaluttale, men det er også snakk om andre kjenneteikn som feil bruk av kasus på pronomen som er særleg typisk for denne dialekta. Det blir altså sett på frå eit språklingvistisk perspektiv. I den andre oppgåva ser eg på kva andre kjenneteik eg finn frå muntlig språk i teksten, som gjeld det tyske språket generelt. Nedfelt i skriftleg tekst kallas desse kjenneteikan for konsepsjonell mundlighet. Dialogene i Alexanderplatz blir derfor veldig autentiske til ein vanleg kvardagssdialog og det er rett og slett imponerende det arbeidet Döblin er gjort. Den siste og tredje oppgåva er kanskej den som er mest spennande og utfordrande. Det handlar om oversetjingsproblematikk, eit tema som har gjett meg eit nytt syn på korleis det må vere å vere oversetjar. Etter å ha gått inn på alle moglege problematikkar er eg eigentleg ganske imponert over dei som driv den slags. Det er utruleg krevjande oppgåve og mange hensyn som ein må ta. Når det gjeld heimekesamensoppgåva blir det ei utfordring fordi det er så utruleg mykje ein kan skrive om. Eg ser for meg at det er lurast å ta for seg ein spesiell del av oversetjingsproblematikken og gå grundig inn i dette. Vi får sjå. Det er oppgåva eg minst veit korleis sjå til å sjå ut til slutt. Om ikkje anna er det veldig interessant.

Nok prat om heimeeksamen. Eg tenkte eigetnleg at eg skulle nytte høve til å mimre tilbake til Tenerife. Ja, for snart ein måned sidan tok eg meg ein eigenkompnert vekes ferie ned til kanariøynene samn med søstera mi og pappa, som for høvet fylte 50 år den veka. Det var altså bursdagsgåve til han. For ei herleg veke det var. Eg kan absolutt tilråde andre til å dra til sydenland sånn på haust/vinter. Har alltid misunna dei som gjort det, og no var det endeleg min tur. For ei flott øy det var. Eg er rett og slett imponert. Eg hadde veldig låge forvetningar til denne øya, tenkte det var berre ei anna stygg chartermål, men Tenerife er riktig vakkert. At det låg så langt sør ante meg heller ikkje, så vi fekk det både godt og varmt, med utrulege 35 grader i skyggen nokre av dagane. Ordentleg sommar med andre ord.


Her kjem biletebonanza frå turen.




Frå byen vi budde i, Los Gigantes.






Det var bassengområde med svømmebasseng, solstoler og poolbar på taket av hotellet vi budde på. Det blei fint utnytta. Å få servert billig cocktail til solsenga...



Strandpromenade



Fjella i Tenerife er ganske så høge. Mange på over 2000 meter. Det høgaste fjellet, Teide er faktisk over 3700 meter.




Pyramidene i Güimar, som vår kjære Thor Heyerdahl observerte og verna.

Dette var utsikten frå hotellrommet vårt og balkongen.



Frå verdsavbyen, La Laguna.








Også drog vi på ein spansk bodega!





Gamle årganger av Faustino.





Garachico. Ein liten fiskerlandsby som blei truffet av eit voldsomt utbrudd frå Teide kring 1916. Det einaste som stod igjen, var kyrkja i byen seiast det. Den lille "øya" blir forresten rekna som som den fjortande kanariøy blant befolkningen. 







Vi måtte jo ta turen på lavastrand også. Utruleg fin sand og vanvittig glovarm.


Dei blei ete masse god is på turen i varmen. Så billig som det er der...



Eg tørr faktisk å påstå at eg blei litt brun den veka eg var der. Eg vil defintivt reise tilbake ein dag....


Men først kjem snart desember og førjulstid. Sjølv om eg ikkje har julefeire før 17.desember, gledar eg meg til tida framover. Det blir endå ein heimeeksamen etter denne, så eg skal nok rekke og kose meg og nyte førjulstida likevel, og forhåpentlegvis rekke å skrive fleire blogginnlegg.


onsdag 17. september 2014

Masterliv


I dag fekk eg desse to vitnemåla i posten. Bevis på at eg har klart å oppnå to bachelorgrader på 4 år: Eit i tysk og eit i litteraturvitskap. Det høyrest mykje meir imponerande ut enn det eigentleg er. Heile 90 stp blir brukt i begge gradene, då frie studiepoeng og førstesemesterstudiene kan brukast i to grader. Det betyr likevel at eg har henta meg inn eit semester ved å ta ekstrafag parallelt over to semester, og det er jo litt imponerande. Det har vore tøft, og i vår då eg valte å kombinere bacheloroppgåveskrivininga i tysk saman med 30 stp andre studiepoeng, angra eg littegran ei stund. 3  store eksamner fordelt på 6 dagar er noko av den kjipaste eksamensperioda eg har vore borti mine 4 år, for å ikkje snakke om at sola skinte som berre det alle dei dagane.




Men no i ettertid er det så fullstendig verdt det. Resultatet etter dette slitet var at eg både kom eg inn på førstevalget mitt om masterstudium i tysk og i tillegg kom eg også innpå på 1-årig PPU med fordjupning i norsk og tysk fagdidaktikk. Eg valte å gå for masteren no i fyrste omgang. Det er ikkje utelukka at vil velje å gå for pedagogikk etter masteren, men med master i bakhand har eg langt fleire moglegheiter enn om eg hadde valt å gå for PPU med det same. Sjølv om det var litt skummelt å takke ja til master. Ja, for det var eit skummelt steg å ta for ei som har hatt mastergradsangst. Eg kjente meg heller ikkje god nok då eg trykka ja til studietilbodet og har fram til studiestart vore veldig nervøs. Eg hadde faktisk relativt få andre forventingar at studiestart ville bli skummelt og jævleg. At eg ville kjenne meg underkvalifisert og usikker. Det heile har enda med å bli ein gedigen, positivt overraskelse. Ein månad etter studiestart sit eg att med ei einaste kjensle: Det kjennes så riktig dette valet eg har gått for. Eg ligg ajour med pensum, eg har stilt godt førebudd til kvar forelesing/seminar, har kunne bidra i timane og har lært mykje i timane. Eg trur at faga dette semesteret kan gå riktig bra. Eg har snakka med emneansvarleg om tanke for masteroppgåve og fått tilbakemelding på at det eg vil skrive om er kjempeinteressant. Eg har snakka om det til andre og alle lyser opp og er supergira når eg fortel om kva eg vil skrive om. Eg kjenner eg får det til, på eit nivå eg trudde eg kom til å slite noko forferdeleg. Eg har fått god tilbakemelding på første innleverte skrivearbeidet og skal no straks i gang med den første obligatoriske innleveringa, som eg faktisk gledar meg til å skrive. Kvar er dette forferdelege masterlivet alle snakkar om? Kjem det neste semester, eller om eit år då eg for alvor skal i gang med masterskrivinga? Eg går litt rundt på tå og tenkjer at snart må den kome ein nedtur her. Vi får sjå. Men retninga eg har gått for kjennast iallfall heilt riktig og det er så uendeleg godt når eg har vore usikker dei siste 2 åra. Det kjennes også ut som eg tek ei riktig viktig utdanning. For det er det jo. Tyskkompetanse er etterspurt og det er verkeleg få som studerer det på høgt nivå. Det er difor ei unik utdannelse eg tek og det er litt kult. 

Eg tenkte eg måtte blogge att når eg fekk vitnemåla i posten i dag. Det skal eg verkeleg halde fram med. Eg tenkjer at masterlivet er noko som eg må skrive om. Etterkvart kjem det nok innlegg med frusterande dagar og nokre nedturar. For det kjem det nok, og det har eg hatt. Som på mandag då eg brukte 3,5 time på å lese 20 sider og seinare blei køyrt på av ein syklist i Bergen sentrum (Når byrja syklistar å tru at dei har forkøyrsrett frå høgre? Hah). Nokre dagar må jo vere slik, for eit perfekt liv, det finnast ikkje. Så skal eg sjølvsagt fortelje om kva mi store masteravhandling skal handle om, men det høver seg best i eit eiga innlegg og elles andre spanande saker og mindre spanande saker eg skal få lyst til å skrive om. For no som eg faktisk "berre" tek 30 stp til ei forandring, har eg litt betre fritid. 


onsdag 2. oktober 2013

Tigerstad og haustkos

No er det alt for lenge sidan eg har blogga igjen. Når eg tenkjer på kor travel kvardag eg har hatt det dette året, så er det ikkje rart. Med nærmare ettertanke bestod vårsemesteret av litt jobbing, 45 studiepoeng, redaksjonsarbeid med utgjeving av to temanummer (der det eine var dobbeltnummer sogar), 1 mnds utveksling i Tyskland og den hardaste eksamenstida eg har hatt i mine 3 år på universitetet. Å studere tysk er utruleg lærerikt, men har enormt mykje fleire obligatoriske krav enn det litteratur og nordisk har hatt. Alt i alt er eg nøgd med innsatsen min, det var mykje gode karakterer til utdeling, men diverre og ein merkeleg samansetning av delkarakterer som gjorde til at ein B saman med ein C blei til C, og liknande.

Sumaren gjekk stort sett til jobbing, med nokre fridager innimellom. Det var mykje dårleg veir, men fekk likevel gått ein del fjellturar og hadde kvalitetstid med vener og familie.

No er det haust igjen og eg er tilbake i Bergen. Men sidan i vår har eg flytta frå Sandviken til Landås. Eg har altså flytta litt ut i periferien, men reisetid med buss gjer veldig opp for det når eg bur mykje billigare, disponerer ein stor hybel for meg sjølv med eigen kjøkkenkrok, og kun deler toalett og dusj med tre andre. I tillegg har eg ei fantastisk utsikt og naturen kjennes litt nærmare her, noko som er fint. Har allereie blitt to turer på Ulriken via Natlandsfjellet denne hausten, sidan eg bur rett i nærleiken. Det er fint å ha slike flotte naturmoglegheiter.




Her er den fantastiske utsikten frå hybelen min. Er det ikkje fint?

Eg held fram med årsstudiumet i tysk, og gleder meg stadig over kor fantastisk flott miljø det er i klassen. Det er veldig vanskeleg å ikkje bli glad i alle, og vi heng mykje saman på fritida: Allereie no går vi på frivillige kollokvier fleire dager i veka, et ofte middag på studentsenteret saman, er på filmkveld med kvarandre og går gjerne ut på byen saman. Vi er ikkje redde for å stille dumme spørsmål på kollokvier, vi hjelp kvarandre med å bli flinke og å oppmuntre, og det er så utruleg fint. Miljøet på litt.vit var også bra, men var større og blei meir upersonleg. Det enda med meir eller mindre umedvitne grupperinger, men dette er ikkje veldig tydeleg med tyskklassen. Eg trivast så utruleg godt med tysk også, at om alt det formelle går i orden, blir det sannsynlegvis bacheloroppgåve på meg til våren, og tysk master til hausten. Sjølv om det vil bli utruleg krevjande å skrive ei heil masteroppgåve på tysk, er eg mykje meir motivert til det enn å skrive master i litteratur. Det vil bli krevjande, men eg vil få utruleg mykje att for det når eg er ferdig. Sannsynlegvis blir det pedagogikk seinare etter det, for eg ser for meg livet som tysklærar.

I morgon blir det helgetur til Tigerstaden for å delta på Ungdomskonferanse om Nordisk språkmangfald med ein gjeng målungdommer. Det vert utruleg kjekt. Har ikkje vore i Oslo på fleire år no, så på tide å ta turen. Eg gler meg.


Frå student til jobblivet

Det har nok ein gong gått ei stund sidan sist, og kvardagen har gått inn i ei ny periode i livet. No er eg ikkje lenger student, men har gåt...